Lukta av havet, kjensla av vinden, synet av bølgjene i fjorden, orda frå ei bønn. Eg kan hugsa meg sjølv som lita jente som gjekk frå jenteforeninga på bedehuset. Eg kan framleis høyre meg sjølv syngja “Eg har ein engel som følger meg” for å prøva å gjere mørkret mindre skummelt. Og eg er ikkje den første som gjer det.
På ei lita øy på kysten på Vestlandet, på Vik i Øygarden, har folk levd liva sine prega av den ville naturen rundt seg ute i havet gjennom generasjonar. I dette landskapet er ikkje religionen alltid erklært, men den er nesten som ei summing under overflata, ein rytme i ritualane og gestane, eit kompass ført vidare frå ein generasjon til den neste. Å koma frå denne vesle staden kan kjennast både trygt og utrygt på same tid.