Mitt namn er Matilde Solsvik og eg er ein 23 år gamal dokumentarfotograf og fotojournalist. Eg kjem frå ei lita bygd utanfor Bergen som heiter Øygarden, men har budd dei siste åra i London, Bergen, Oslo og bur no i Førde. Her jobbar eg i NRK. Tidlegare har eg jobba som fotograf for studentavisa Universitas og avisa Vårt Land.
Eg har vart uteksaminert frå Bilder Nordic School of photography juni 2023. Her fekk eg gleda av å starte på fleire lengre dokumentarprosjekt. To av dei vart tildelt prisar i Årets Bilde 2022. Her vart eg Årets nykommar og vann første plass i Open klasse. Les meir om prosjekta her.  
Å flytte frå bygda til byen fører til mykje tankar om identitet og kultur. Desse tankane og kjenslene er inspirasjonen og rota til mange av mine prosjekt. 
Ta gjerne kontakt!
Send
Tusen takk, du høyrer frå meg så snart eg har lest mailen!
Back to Top