I stova er ein dokumentarisk serie kvar eg har besøkt ulike personar og familiar heime i stovene deira. Stova er ofte det rommet i huset som alle har eit personleg forhold til, eit rom som ein ofte er saman i og eit rom kvar ein ofte er avslappa i. I tillegg seier stovene til folk mykje om kven dei er og kor myker historie som er i rommet; noko som har vore viktig å få fram. I alle bileta er fokuset på familie på ulike måtar. Målet mitt har vore å få fram ulike familiesettingar som er å finne og dei ulike fasene ein familie går igjennom; både til dømes den «vanlege» A4-familien og han som saknar familien. Prosjektet et prega av mitt forhold til familiesettingar og det miljøet eg har vakse opp i; kristen-Noreg.
Back to Top