Min båt er så liten
"Min båt er så liten og havet så stort, men Jesus har grepet min hånd. Når Han styrer båten, så går det så bra, på veien til himmelens land." Denne kristne barnesongen har eg sunge og høyrt uttallige gongar i bandommen, både ved sengekanten, i bilen og i kyrkja. Fram til for nokre år sidan var nesten alt eg gjorde, innanfor det ein kan kalle ei kristenboble. Eg har vakse opp i ein kristen familie, eg hadde for det meste kristne vener, deltok på kristne aktivitetar, jobba i kyrkja, gjekk på bibelskule og hadde heile livet mitt her. Her er det eigne trendar og eit eige språk som eg snakkar flytande. Då eg byrja å studere, skjønte eg at det var enno mindre vanleg å vere ung og religiøs enn eg trudde. Eg var fascinert og stilte meg sjølv spørsmålet som også mange andre stilte meg: Kva er det eg eigentleg trur på? I møtet med eit sekulært samfunn vert eg utfordra ved å møte den nye og moderne måten å leve og tenkje på, samtidig som eg har vakse opp med å tru på ein fleire tusen år gamal religion med andre verdiar og levemåtar. Dette kjenner dei fleste unge kristne seg igjen i. «Min båt er liten» er eit prosjekt som utforskar det å vere ung og kristen i Noreg i dag. Serien utforskar også min eigen identitet som kristen og min oppvekst i kristenbobla.