Her heng kleda til farmor og bestefar på rommet deira. Dei går nesten utan unntak kledd i raudt og blått.

Bestefar tek på seg finstasen i stova. Han går alltid med ein sandal eller spesiallaga sko, då den eine foten er blitt kortare enn den andre og gjer det vanskeleg å gå.

Når det vert for kaldt å gjere opp fisken ute, hender det at bestefar må gjere det inne på kjøkkenet.

Så lenge eg kan hugse har farmor og bestefar gått rundt i crocs. Det er praktisk og dei varar lenge i følgje farmor.

Farmor og bestefar kyssar bak pannekaka dei har laga saman.

Fisk til tørk i garasjen.
Fisk til tørk i garasjen.
— Vi får gjere det slik no som straumen er så dyr, sa farmor med eit smil om munnen. Både farmor og bestefar har merka dei høge straumprisane meir enn mange andre. Med lite utbetalt i pensjon og prisar som stig på både mat, drivstoff og straum er det ikkje kvardagen heilt slik som før.

Farmor står bak ein vegg i eit lite sollys og sjekkar telefonen medan ho ventar på meg som kjem litt etter.

Soverommet vi barneborn alltid overnatta på. Her har vi lært å be og høyrt på historiar frå tidene då farmor og bestefar vaks opp, tidene utan straum og innlagt vatn.

Bestefar må gå med spesiallaga sko inne, viss ikkje klarar han ikkje gå. Han er mykje stillesitjande og brukar ein del tid på å sjå på kristne møter og nyhender på nettbrettet sitt.

Farmor som tittar fram i bedehuset.
Farmor som tittar fram i bedehuset.
Farmor og bestefar er klare for jul etter dei begge har hatt korona.

Bobla
Besteforeldra mine har alltid støtta meg, utanom den gongen eg sa at eg skulle ta nasering. Kva skjedde? Eg har vakse opp rett ved sida av besteforeldra mine og brukt utallige timar med dei. Dei har vore ein viktig del av mi oppdraging og sørga for at eg har følt meg elska av både dei og Jesus. Då eg var 16 år og sa eg skulle ta nasering, vart eg møtt på ein annan måte. Eg såg nye sider ved dei, sider eg ikkje visste dei hadde. Dei vart sinte og sa at nasering var styggedom. Etter fleire diskusjonar med dei, over fleire år, sa til slutt farmor at om det betydde så mykje for meg, så hadde det ikkje lenger noko å seie for ho. Det viktigaste er det som er i hjartet, sa ho. To månadar seinare tok eg nasering. Forholdet vårt er uendra. Heile denne situasjonen satte i gong ein tankeprosess. Besteforeldra mine har levd saman i si eiga, vesle boble i grenda vår nesten heile livet. Dei to. Med sine rutinar, tankar og tradisjonar. Dei er dei mest kjærlege personane eg kjenner, men også dei mest skeptiske og konservative. Eg kjenner dei som besteforeldra mine som elskar meg så høgt, men kven er dei eigentleg?

You may also like

Back to Top