Matilde (22)
Matilde (22) er eit fotografisk sjølvportrettprosjekt kvar eg utforskar feminisme, historie og identitet. Eg er ei 22 år gamal kvinne i Noreg i 2022 og eg er heldig, hadde eg vore fødd i ei anna tid hadde nok livet mitt sett annleis ut og for mange kvinner i verda er situasjonen heilt annleis. Med inspirasjon frå kunsten i realismen og naturalismen, karakterar frå den norske litteraturhistoria, og norsk dokumentarfoto har eg gått inn i roller som ulike karakterar og gjennom sjølvportrett utforskar eg kvinna si rolle i norsk kulturhistorie, min eigen identitet som kvinne og likestillingsspørsmålet i Noreg i 2022.

You may also like

Back to Top