Traust
Eg hugsar då besta, hans store kjærleik, døydde. Det er den einaste gongen eg har sett han felle ei tåre. Og eg hugsar han skamma seg over det, han beklagde seg. Han er distansert. Han er traust. Han er ein typisk vestlending. Men han er også meir enn dette. 
Eg har lenge følt at eg ikkje har fått nok tid saman med bestefaren min. Då besta levde tok ho seg av praten. Ho prata i veg, tulla med oss, song og hadde alltid noko på gong på kjøkkenet eller i hagen som vi fekk vere med på. Bestefaren i Jølster har alltid vore rolegare og meir innadvendt.
Men eg har alltid vore fascinert over historiane hans. Han har levd eit heilt liv og opplevd utviklinga av landet og verda frå 30-talet til i dag. I tillegg er han 94 år og lever heime utan heimesjukepleie. 
Sommaren 2022 flytta eg inn med bestefaren min. Dette vart starten på ein fotodokumentar kvar eg utforskar kven bestefaren min er, kven eg kjem frå.

You may also like

Back to Top